Går inn for fotballhall på Skei og symjehall i Førde. Fossesenteret bør derimot vente

TO FEKK JA: Ole John Østenstad, prosjektleiar for Sunnfjord kommune, tilrår å bygge fotballhall og symjeanlegg.

TO FEKK JA: Ole John Østenstad, prosjektleiar for Sunnfjord kommune, tilrår å bygge fotballhall og symjeanlegg. Foto:

SUNNFJORD: Slik lyder i korte trekk tilrådinga frå prosjektleiar, Ole John Østenstad, før fellesnemnda skal ha møte 19. september.

DEL

Østenstad meiner fellesnemnda bør stille seg positiv til å nytte ordninga med interkommunale spelemidlar for å realisere ein fotballhall på Skei.

Han tek likevel atterhald om godkjent økonomiplan for Jølster kommune der løyving til hallen er inkludert. Prosjektleiar Ole John Østenstad meiner også at anlegget må driftast av Sunnfjord kommune.

– Behovet er større i Førde

– Eg registrerer at det er stort engasjement for ein fotballhall på Skei, og at eit slikt tilbod primært vil dekke det lokale behovet både for skulen og aktivitet på kvelds- og helgetid. Hallen vil nok òg kunne ha ein regional verdi knytt til kampar, samlingar og cup'ar i helgane.

Ein må likevel ta omsyn til at verken Førde idrettsråd og Sogn og Fjordane fotballkrins ser det som sannsynleg at hallen vert nytta utover den lokale bruken, skriv Østenstad.

– Behovet for ein stor fotballhall vil nok vere langt større i Førde enn på Skei, noko både idrettsrådet og fotballkrinsen peiker på, meiner Østenstad.

Ja til symjehall, nei til Fossesenteret

Prosjektleiaren er også positiv til å nytte ordninga med interkommunale spelemidlar til å realisere symjeanlegg i Førde.

– Ettersom det er Jølster kommune og Naustdal kommune som har mest behov for basseng, rår prosjektleiaren til at fellesnemnda ber dei to kommunane om å gjere eit positivt vedtak før 15. november 2018.

Det som etter hans meining derimot bør vente, er Fossesenteret.

– Eit slikt senter vil vere eit viktig fagsenter, og truleg kunne skape endå større merksemd omkring Gaularfjellet og gjere området mellom Sogn og Sunnfjord meir attraktivt, heiter det i tilrådinga.

Mangelfull søknad

Men prosjektleiaren peikar på at avgjerdsgrunnlaget i søknaden er noko mangelfullt.

– Det gjeld særleg den økonomiske sida. Prosjektet ligg heller ikkje inne i ein framtidig økonomiplan verken i den nye kommunen (skyggebudsjett) eller Førde kommune. Heller ikkje Jølster eller Naustdal kommune er bedne om å bidra til å realisere anlegget.

Østenstad rår til at dei ikkje bestemmer noko no, men tek sikte på å handsame søknaden i samband med økonomiplan til Sunnfjord kommune.

Jobbar for å få på plass finansieringa av Fossesenteret


Artikkeltags