Stolar du på denne gjengen?

LØFTEBROT? Nye Sunnfjord kommune ber innbyggarane svare på om politikarane held løfta sine. Her ved ordførarane Olve Grotle (H), Oddmund Klakegg (Sp), Mathias Råheim (H) og Håkon Myrvang (Ap).

LØFTEBROT? Nye Sunnfjord kommune ber innbyggarane svare på om politikarane held løfta sine. Her ved ordførarane Olve Grotle (H), Oddmund Klakegg (Sp), Mathias Råheim (H) og Håkon Myrvang (Ap). Foto:

SUNNFJORD: Sunnfjord kommune skal gjennomføre ei spørjeundersøking om lokaldemokrati. Målet er å sjå om noko bør gjerast betre i storkommunen.

DEL

Kan ein stole på løfta til politikarane? Brukar politikarane makta for eiga vinning? Blir ressursane forvalta effektivt? Får innbyggarane god nok informasjon om kva som føregår?

Slike spørsmål vil nye Sunnfjord kommune stille om lag 1200 innbyggarar i Førde, Gaular, Naustdal og Jølster. 

Nye Sunnfjord kommune har takka ja til KS si telefonundersøking, der innbyggarar og folkevalde svarar på spørsmål om korleis dei vurderer lokaldemokratiet i eigen kommune.

Svara kan ifølge prosjektkoordinator Øystein Høyvik seie noko om kvar det er behov for utvikling av demokratiet.

– Korleis skal ein lese desse tala samla når undersøkinga blir gjort for fire ulike kommunar?

– Det er KS som set saman undersøkingane. Vi har utfordra dei på korleis dei samla tala kan visast for fellesnemnda, seier Høyvik.

– Korleis kan svar frå ei slik undersøking brukast i det vidare arbeidet med kommunen?

– Svara vil først og fremst blir brukt av politisk prosjektgruppe, leia av Reidun Støfring, som skal komme med framlegg knytt til medverknadsordningar, seier Høyvik.

Les meir om arbeidet til den politiske prosjekgruppa her.

Artikkeltags