Over 800 millionar utbetalte til samanslåtte kommunar

SKIFTE: Nytt kommunevåpen var på plass på utsida av rådhuset ved nyttår.

SKIFTE: Nytt kommunevåpen var på plass på utsida av rådhuset ved nyttår. Foto:

Av

Det vart utbetalt til saman 820,4 millionar kroner i reformstønad til 43 nye kommunar som slo seg saman i perioden fram til årsskiftet.

DEL

Støtta byggjer på talet innbyggjarar i den nye kommunen. Ti store kommunar med over 50.000 innbyggjarar, mellom anna Stavanger, Trondheim og Kristiansand, har fått utbetalt 33,5 millionar kroner. Dei minste kommunane med under 15.000 innbyggjarar får utbetalt 5,6 millionar kroner.

Det blir ikkje lagt føringar på bruk av reformstønaden. Stønaden var eit økonomisk verkemiddel for å få kommunar til å slå seg saman i kommunereforma som vart vedtatt av Stortinget i 2014.

Regjeringa har som målsetjing at alle skal ha like god tilgang på velferdstenester og meiner det krev større kommunar med sterke fagmiljø. Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) meiner derfor at det framleis er behov for samanslåingar.

NB! Sunnfjord kommune har varsla utfordringar i budsjettet på 40 millionar. I det reknestykket er desse pengane allereie rekna med.

Så mykje fekk kommunane:

  • Stavanger 33.471.000 kroner
  • Sandnes 33.471.000
  • Ålesund 33.471.000
  • Drammen 33.471.000
  • Nordre Follo 33.471.000
  • Asker 33.471.000
  • Lillestrøm 33.471.000
  • Tønsberg 33.471.000
  • Kristiansand 33.471.000
  • Trondheim 33.471.000
  • Molde 27.892.000
  • Moss 27.892.000
  • Indre Østfold 27.892.000
  • Øygarden 27.892.000
  • Narvik 22.314.000
  • Aurskog-Høland 22.314.000
  • Lindesnes 22.314.000
  • Kinn 22.314.000
  • Voss 22.314.000
  • Bjørnafjorden 22.314.000
  • Alver 22.314.000
  • Sunnfjord 22.314.000
  • Steinkjer 22.314.000
  • Namsos 22.314.000
  • Orkland 22.314.000
  • Senja 22.314.000
  • Holmestrand 17.064.000
  • Volda 5.578.000
  • Fjord 5.578.000
  • Hustadvika 5.578.000
  • Hamarøy 5.578.000
  • Midt-Telemark 5.578.000
  • Lyngdal 5.578.000
  • Ullensvang 5.578.000
  • Sogndal 5.578.000
  • Stad 5.578.000
  • Heim 5.578.000
  • Hitra 5.578.000
  • Ørland 5.578.000
  • Åfjord 5.578.000
  • Nærøysund 5.578.000
  • Hammerfest 5.578.000
  • Tjeldsund 5.578.000

Kjelde: Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken