Helge Robert Midtbø vil bli ordførar i Sunnfjord

ORDFØRAR? Helge Robert Midtbø stiller igjen og vil bli ordførar i Sunnfjord kommune.

ORDFØRAR? Helge Robert Midtbø stiller igjen og vil bli ordførar i Sunnfjord kommune. Foto:

SUNNFJORD: Forslaget til dei fem øvste plassane på Ap-lista i Sunnfjord er klart.

DEL

Helge Robert Midtbø gjorde eit godt val som ordførarkandidat for Førde Ap i 2015. Arbeidarpartiet fekk 33,6 prosent av stemmene, mot Høgre sine 22,9 prosent.

Senterpartiet valde likevel å halde fram samarbeidet med Høgre-ordførar Olve Grotle, og det vart ikkje byte av ordførar etter valet.

No prøver også Sunnfjord Ap med Midtbø på topp. For Høgre stiller Olve Grotle. Det betyr at vi får ein ny duell mellom Grotle og Midtbø i to av dei store partia, medan Jenny Følling er ein solid utfordrar frå Senterpartiet.

SV har meldt Åsmund Berthelsen på i kampen, medan Venstre, KrF, Frp, Raudt og MDG førebels ikkje offentleggjort namn frå listene sine. Atle Hamar har annonsert at han ønsker å stille som ordførarkandidat for Sunnfjord Venstre.

Nominasjonsnemnda er nøgd med spreiing i alder, kjønn og geografi, samtidig som kandidatane har brei politisk erfaring. Tidleg i desember skal heile lista vere klar til nominasjonsmøtet, der ho skal endeleg vedtakast av nye Sunnfjord Ap.

Lista ser slik ut:

1. Helge Robert Midtbø (Førde)

2. Siv Karin Hestad (Jølster)

3. Håkon Myrvang (Naustdal)

4. Sara-Marie Horsevik (Gaular)

5. Sigve Mandelid (AUF, Førde)

Hestad sit i dag som vara til Jølster kommunestyre, medan Horsevik er medlem i Gaular kommunestyre. Myrvang er ordførar i Naustdal. Sigve Mandelid er frå Førde, men representerer ungdomsorganisasjonen AUF på Ap-lista.

Frå venstre: Håkon Myrvang, Sara-Marie Horsevik, Helge Robert Midtbø og Siv Karin Hestad

Frå venstre: Håkon Myrvang, Sara-Marie Horsevik, Helge Robert Midtbø og Siv Karin Hestad Foto:


Artikkeltags