Grotle ber om åtte Sunnfjord-millionar, og får halvveges ja frå ministeren

PENGEØNSKJER: Olve Grotle vil ha pengar frå regjeringa før kommunesamanslåinga.

PENGEØNSKJER: Olve Grotle vil ha pengar frå regjeringa før kommunesamanslåinga. Foto:

Av

Kommunalminister Monica Mæland lovar at Sunnfjord kommune ikkje skal gå i minus på kommunesamanslåinga si.

DEL

FIRDAPOSTEN: Åtte millionar kroner. Det er summen som Førde-ordførar Olve Grotle no ber regjeringa leggje på bordet før utgangen av 2019, melder NRK Sogn og Fjordane.

Pengekravet frå Grotle blei framsett under Mæland sin lynvisitt til Sunnfjord denne veka, eit besøk som blei avslutta med eit besøk på Våt Moro i Florø.

Bakgrunnen for pengeønsket er eit liknande reknestykke som Kinn kommune nyleg framsette til same statsråd: Utrekningar viser at kommunane som slår seg saman, tapar statlege overføringsmidlar samanlikna med om dei står åleine.

Til Grotle og Sunnfjord kommune gav Mæland same svar som ho gav til Kinn-ordførarane: Kommunar som slår seg saman skal ikkje li for det økonomisk, og ho lova å sjå nærmare på saka.

– Det er nokre ganske få kommunar som opplever at dei taper på samanslåing. Vi skal sjå til at det ikkje skjer, seier Mæland til NRK Sogn og Fjordane.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags