No blir nettleige-rekninga lågare

Frå 1. september får Sunnfjord Energi-kundar lågare nettleige-rekning. For ein vanleg husstand betyr det rundt 4.500 kroner mindre å betale i året.

DEL

Kuttet i nettleiga er ein konsekvens av fusjonen mellom Sunnfjord Energi og BKK. Tysdag melder Sunnfjord Energi i ei pressemelding at kundane vil få redusert nettleige frå og med 1. september i år.

– I forhandlingane med BKK har vi vore klar på at nettleiga skal justerast så fort som mogeleg etter eit fusjonsvedtak, og vi har førebudd oss godt på å få dette til allereie frå 1. september. BKK har vore imøtekomande heile vegen, og det er gledeleg at kundane våre no kan nyte godt av nær 70 millionar kroner i årleg nettleige-reduksjon, seier Arild Fleten, nettsjef i Sunnfjord Energi i pressemeldinga.

For ein vanleg husstand med normalt forbruk vil dette bety at nettleiga blir redusert med om lag 4500 kroner i året. Totalt ligg reduksjonen på nær 70 millionar kroner årleg for kundane i Solund, Hyllestad, Fjaler, Gaular, Førde, Jølster og Naustdal, melder Sunnfjord Energi.

Om nettleiga

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) regulerer kva inntekt det enkelte nettselskap kan ta inn i nettleige. Det betyr at NVE fastset og kontrollerer inntektene til nettselskapa. Nettleiga skal dekke kostnader med å få straumen trygt fram til deg som kunde. Det inkluderer utbygging, vedlikehald og drift av straumnettet, samt døgnberedskap. Sunnfjord Energi AS har ein leveringssikkerheit på over 99,9 prosent.

Kjelde: Sunnfjord Energi

Artikkeltags