Fredrik Behrens går av

GIR SEG: Han har vore administrerande direktør i 11 år. No Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi av.

GIR SEG: Han har vore administrerande direktør i 11 år. No Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi av. Foto:

Administrerande direktør i Sunnfjord Energi går etter eige ønske. Fredag er hans siste arbeidsdag.

DEL

Det melder selskapet i ei pressemelding.

– Eg har hatt 11 flotte år som leiar i Sunnfjord Energi og er stolt over det vi har fått til saman. Vi har ein svært kompetent arbeidsstokk, og eg meiner dette er det rette tidspunktet for å gje stafettpinnen vidare, seier Behrens.

Denne månaden vart Sunnfjord Energi fusjonert med BKK. Det medfører også at delar av oppgåvene til administrerande direktør fell bort. Behrens vil halde fram i arbeid til han er 70 år. Det er to år til.

No går han til nye oppgåver som seniorrådgjevar i Kommunikasjonsstab i BKK, der han skal jobbe med rammevilkår og prosjekt for konsernleiinga. Han vil vere tilsett i Sunnfjord Energi ut året, før arbeidsforholdet formelt vil blir overført til BKK.

Nettsjef Arild Fleten er konstituert som administrerande direktør, men vil også framleis ha rolla som nettsjef, opplyser Sunnfjord Energi i pressemeldinga.

Frigitte dokument: Fylkesutvalet meinte at det å bli kvitt BKK kunne forsvare å gi frå seg kraftverk

Artikkeltags