Vil kutte i undervisninga og gje til forsking

Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke.

Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke, vil omprioritere pengar.

DEL

Det er føreslår han til styret ved Høgskulen, melder NRK.

– Forslaget er heilt uakseptabelt. Eit ostehøvelkutt på 2,5 prosent i utdanning og undervisning for å finansiera forsking og utvikling gir ikkje meining. Rektor stiller forsking og undervisning opp som konkurrentar. Slik skal det ikkje vera. seier leiar Ingrid Moe Albrigtsen i Studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), fortel ho til NRK.

– Det betyr fire færre stillingar og kan innebera færre undervisningstimar, større klassar og meir fellesundervisning. Det vil gjera kvaliteten på utdanninga dårlegare, seier ho vidare.

LES OGSÅ: Her vil dei ha nytt studenthus

Rektoren meiner at det vil gå bra.

– Eg forstår reaksjonane frå studentane godt, men dette kan me få til utan å skade undervisninga. Me kan gjera undervisninga vår betre ved til dømes å bruka meir informasjonsteknologi, seier HiSF-rektor Rasmus Stokke til same kjelda.

Han meiner at forskinga må betrast.

– Me har eit svakt punkt på forsking, og der treng me å bli betre.

Studentparlament-leiar Moe Albrigtsen er ikkje overtydd.

– Høgskulen sitt rykte med eit godt studiemiljø, god gjennomstrøyming og god rekruttering – det må styret ikkje ta for gitt, seier ho til NRK.

LES OGSÅ: Høgskulen i Førde får utdanne bygg- og anleggsingeniørar

LES OGSÅ: Sjukepleiar-studentar i Zambia

Artikkeltags