No blir det 11 månaders studiestøtte

Studentrørsla har lenge kjempa for å få på plass elleve månader studiestøtte.

Studentrørsla har lenge kjempa for å få på plass elleve månader studiestøtte. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

I går blei regjeringa og samarbeidspartnarane samde om trappe opp studiestøtta.

DEL

I budsjettavtalen mellom regjeringspartia og Venstre og KrF er det no semje om at studiestøtta skal bli trappa gradvis opp til elleve månader i løpet av dei fire neste åra. Det skriv Studvest.

Allereie i juni 2017 vil den første utbetalinga til studentane komme.

– Studentrørsla har kjempa for ein auke i lengde og omfang i lang tid. Dette betyr at studentane endeleg har fått gjennomslag for elleve månader studiestøtte. At det no blir lagt fram ein konkret plan med oppstartstidspunkt betyr mykje, seier leiar av Norsk Studentorganisasjon, Therese Eia Lerøen i ei pressemelding.

Det vert også lagt inn fem millionar kroner til tiltak for å betre den psykiske helsa til studentane. Ein av fem studentar rapporterer ifølge Studentenes helse- og trivselsundersøkelse om alvorlege psykiske symptomplagar.

Måndag var det også klart at Maritim Forening i Sogn og Fjordane og NCE Subsea si avdeling i Florø har fått 1,5 millionar kroner frå Innovasjon Norge. Det betyr at Flora snart kan tilby fleire subsea-, marine- og maritime fag.

Artikkeltags