Ein av seks studentar innrømmer eksamensjuks

Ein av seks studentar innrømmer eksamensjuks. Det kjem fram i ei ny undersøking.

Ein av seks studentar innrømmer eksamensjuks. Det kjem fram i ei ny undersøking. Foto:

Av
DEL

I ei undersøking Sentio har gjort for Norsk studentorganisasjon (NSO) og Universitas, oppgir ein av seks at dei har juksa på eksamen minst éin gong.

For ni år sidan stilte Universitas same spørsmål, då svarte berre fem prosent at dei hadde juksa på eksamen.

Trass i auken, trur Arve Østgård i Sentio at det er fleire som juksar enn dei som har svart det i undersøkinga.

–⁠ Det er lettare å svare «aldri» enn å innrømme at ein har fuska. Antakeleg er det mørketal her, seier Østgård.

I studieåret 2017/2018 vart 29 studentar ved Oslomet tatt for fusk. Talet har vore stabilt dei siste åra. Her er det vanlegaste at plagiat blir avslørt, men også bruk av hjelpemiddel som ikkje er tillatne.

Ved Universitetet i Oslo (UiO) er talet dobbelt så høgt. I 2018 vart 64 saker om fusk meldt inn. Heile 56 av desse vart avslørt ved hjelp av verktøyet URKUND, eit program som automatisk sjekkar innleverte tekstar for plagiat.

«Klipp-og-lim» er den dominerande fuskemetoden. Mykje blir henta frå ulike nettsider, men artiklar og tekstar blir òg henta frå trykte medium.

UiO har tre typar reaksjonar på fusksaker: Annullering av eksamen, som vil seie stryk, eller utestenging i eitt eller to semester, seier Sivertsen.

(©NPK)

Artikkeltags