I Nordfjord har snøen lava godt ned i det siste, og då Jon Olav Leira kom opp på hytta si fredag kveld låg det 105 centimeter snø på bakken.
– Vi har aldri opplevd maken. Hytta vår ligg midt i hyttefeltet ved Bøanedsetra ved Stryn skisenter, og det er ikkje så langt ned til Stryn sentrum, seier Leira som til dagleg er lærar ved Slåtten skule i Førde.
Nordvestleg vind
Han viser til at snømengdene skuldast nordvestleg vind i ein periode, og at nedbøren då kjem i form av snø i dette området.
– Vi har opplevd store mengder snø her oppe i romjula tidlegare, men aldri slik som dette i november månad. Det lovar svært godt for oss som elskar skiidretten, seier Leira då Firda kontaktar han for å få nokre synspunkt på bildet han la ut på si Facebook-side fredag kveld.
– I dag er vêret flott her oppe, og det har ikkje komme nemneverdig med snø i løpet av natta. Vi ser i blå himmel, og nokre av fjelltoppane rundt her ligg bada i sol. Så først får vi ta oss ein tur på langrennsskia i løypene, før vi reiser inn på hytta for å ete graut. I ettermiddag vert det garantert laussnøkøyring i alpinanlegget, seier Leira.
Stort smil
Og på sin tur i langrennsløypa møtte Leira løypesjef ved Ullsheim i Markane, Arvid Hatledal.
– Med så enorme mengder snø, så var han eit einaste breitt glis. Og det er ikkje vanskeleg å forstå. Her vil det kunne bli skiføre i lang tid framover. Så dette gler oss, seier Leira.