Strynefjellet opnar ikkje før tidlagast måndag

Rv. 15 over Strynefjellet har vore stengt grunna uvêr gjennom søndagen. No er det klart at fjellovergongen heller ikkje blir opna før måndag.

DEL

Vegtrafikksentralen Vest melde i morgontimane søndag at rv. 15 Strynefjellet var stengt grunna uvêr.

Då vart det planlagt ny vurdering av forholda klokka 16.00, og då denne vart gjennomført vart det klart at vegen ikkje blir opna søndag.

Det er ein overhengande rasfare grunna uvêret som er årsaka til at ein framleis stenger vegen. Ny vurdering av rasfaren blir gjort måndag morgon klokka 10.00.

Artikkeltags