Paraglider i fjellveggen

DEL

Laurdag kveld rykte naudetatane nok ein gong ut i forbindelse med ei paragliderulykke i Stryn.

Ifølge politiet mista personen kontrollen over paraglideren og krasja i fjellsida. Personen skal ha vore medviten og verka uskadd då luftambulansen vart sendt ut for å hente vedkommande ned.

Kvart på tolv melder politiet at personen er trygt nede og ikkje skadd.

Artikkeltags