Kvinne i 70-åra kritisk skadd etter bussulykka i Stryn

FRONTULYKKE: Fem personar er kritisk skadd etter trafikkulykke på fv. 60.

FRONTULYKKE: Fem personar er kritisk skadd etter trafikkulykke på fv. 60. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

STRYN: 39 personar var involvert då ein buss og ein 8-seters personbil krasja i Stryn søndag.

DEL

Søndag ettermiddag krasja ein buss og ein 8-seters personbil krasja front mot front på fv. 60 ved Staveneset mellom Stryn og Olden søndag ettermiddag.

Ein person blei send med luftambulanse og ein med ambulansebil til Førde sentralsjukehus. Tre blei sende til Haukeland sjukehus, to med redningshelikopter, og ein med luftambulanse.

Det vart først meld at fem personar var kritisk skadde etter ulykka. Seinare søndag vart talet på kritisk skadde justert ned til tre.

To av dei kritisk skadde vart innlagde på intensivavdelinga i Førde. Måndag føremiddag opplyste Helse Førde at det ikkje lenger var kritisk for desse.

Begge er no stabile. Ein av dei er framleis alvorleg skadd, medan den andre berre er moderat skadd.

Ei kvinne i 70-åra blei innlagd på Haukeland i Bergen. Ho er framleis kritisk skadd.

I tillegg er ein 74 år gammal mann er alvorleg skadd og ein 71 år gammal mann lettare skadd, melder Helse Bergen.

Dei kritisk og hardt skadde personane var alle passasjerar i personbilen. Denne hadde totalt seks passasjerar.

Bussen hadde 33 personar om bord. Ingen av dei stod fram som skadde etter ulykka, men alle blei frakta til legevakt for sjekk. Søndag kveld melde Helse Førde at sju personar var lettare skadd.

I alt 39 passasjerar var involvert i ulykka. 16 vart sende til lokal legevakt.

Ulykka skjedde like utanfor tunnelen på Staveneset på Stryn-sida. Dei andre busspassasjerane blir frakta til Stryn.

Front mot front

Bussen køyrde mot Loen, medan personbilen kom frå Loen. Dei trefte kvarandre front mot front.

– Statens havarikommisjon for transport og Arbeidstilsynet er varsla om hendinga, skriv politiet.

Kom over i feil køyrebane

Alle i minibussen var belgiske statsborgarar, medan passasjerane i bussen var koreanske turistar. Sjåføren på bussen er frå Litauen.

Årsaka til ulykka er ikkje kartlagt, men førebelse undersøkingar på staden tyder på at det er minibussen som kom over i feil køyrefelt, melder Vest politidistrikt søndag ettermiddag.

Kriseteamet er varsla

Meldinga om ulykka kom rundt klokka 15.00 søndag ettermiddag.

Dei første meldingane gjekk ut på at 18 personar var skadde, og fleire fastklemte. 

– Ingen er lenger fastklemt, og vi har kontroll på alle personane som er involvert, skreiv politiet i ei pressemelding klokka 15.46.

Stryn kommune sitt kriseteam var då i ferd med å bli varsla, skreiv politiet i ei pressemelding. I tillegg til ambulanse, brannvesen og politi, var også tre luftambulansar og eitt redningshelikopter med i ulykkesarbeidet.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags