Blei hengande fast i kabelen til gondolbana før ho datt 60–70 meter ned

OMKOM: Det vart sett i gang ein større redningsaksjon etter ulykka, og redningsmannskap firte seg ned og henta opp kvinna.

OMKOM: Det vart sett i gang ein større redningsaksjon etter ulykka, og redningsmannskap firte seg ned og henta opp kvinna. Foto:

Ei kvinne frå Austlandet omkom i den tragiske luftsportsulykka søndag. Politiet har no gått ut med namnet på kvinna i samråd med familien.

DEL

Kvinna som omkom i den tragiske luftsportsulykka ved Hoven i Loen søndag, kom frå Austlandet. Ho var ein del av ein gjeng som hoppa i lag frå Hoven i Loen søndag då det gjekk gale.

Måndag melde politiet i samråd med familien at den omkomne var 20 år gamle Astri Brandal Reynolds fra Nesodden i Akershus.

Blei hengande fast

Kvinna i tjueåra skulle hoppe med speedglider og var den siste i gruppa si som skulle hoppe.

Kva som gjekk gale etter at kvinna hoppa, er uvisst:

– Ho kom i kontakt med kabelen til gondolbana og blei hengande fast der, før ho ramla 60- 70 meter ned på ei fjellhylle, seier regionlensmann i Nordfjord Tormod Hvattum til Firda.

Lensmannen veit ikkje kor lenge kvinna hang fast i kabelen før ho ramla ned på fjellhylla.

Lokalt politi var på staden søndag og gjorde fleire avhøyr. Det skal dei også gjere måndag.

Kvinne omkom i luftsportsulykke i Loen 

– Vi skal avhøyre nokre av dei som hoppa i lag med avdøde. Vi skal også gjere tekniske undersøkingar av skjermen i lag med folk frå luftsportsmiljøet,

Dette gjer dei for å sjå om det kan vere tekniske feil som er årsaka til ulykka.

Større redningsaksjon

– Vi jobbar no med å danne oss eit bilde av kva som har skjedd.

Det vart sett i gang ein stor redningsaksjon etter at ulykka blei meldt like før 15.00 søndag. Kvinna blei henta opp klokka 16.45, nær to timar etter at ulykka skjedde.

– Kvinna blei erklært død på staden, seier Hvattum.

Artikkeltags