Ein person lettare skadd i MC-ulykke i Loen

Ein person skal vere lettare skadd.

DEL

Politiet melder at ein MC skal ha køyr ut av vegen i nærleiken av Loen Skylift.

– Det er snakk om ein sykkel og ein førar. Det skal vere meldt om lettare skader på føraren, seier Per Algrøy, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Algrøy opplyser at naudetatane er på veg til staden, men at trafikken går fint forbi.

– Ein politimann som ikkje er på jobb er på staden og hjelper til med å dirigere trafikken forbi ulykka, seier han.

Klokka 16.30 opplyser politiet at naudetatane er komne til staden og at førar vert teken hand om av ambulansepersonell.

Firda oppdaterer saka

Artikkeltags