Merkedag for pendelbana i Loen

Artikkelen er over 2 år gammel

REISELIV: I helga fekk gondolane sin første tur opp Hoven.

DEL

– Dette gjekk knirkefritt, men vi har ikkje pakka dei ut av plasten enno. Ettersom dette er ein byggjeplass framleis vil vi beskytte dei, seier den nytilsette driftsleiaren i Hoven Loen, Arne Reme.

Les også: Vi har verdas flottaste arbeidsplass

Høgdeskilnad på nesten 1000 meter

Pendelbana går frå fjorden til toppen av fjellet Hoven, og har ein høgdeskilnad på 990 meter. Turen er rekna å ta cirka fem minutt og kvar kabin kan ta opptil 40 personar.

– Vi har ikkje bestemt oss for korleis vi skal operere pendelbana. Vi kan ha ein førar som køyrer bana frå kabinen, eller styre dei frå eit kontrollrom. Vi må prøve og sjå kva som fungerer best, seier Reme.

LEIAR: Arne Reme er nytilsett leiar i Hoven Loen. Han er oppvaksen i Innvik, men bur i Stryn.

LEIAR: Arne Reme er nytilsett leiar i Hoven Loen. Han er oppvaksen i Innvik, men bur i Stryn. Foto:

Pendelbana fungerer slik at når den eine er på toppen, er den andre nede. Så møtast dei på midten, som til dømes Fløibanen i Bergen.

– Kanskje det er fornuftig med førar i kabinen i høgsesongen med tanke på logistikk og eventuelle spørsmål. Bana vil bli blant dei brattaste i Europa og det vil truleg vere ein tryggleik for dei reisande om ein førar er med i kabinen, seier Reme.

Freista av det ekstreme

Reme har vore tilsett som driftsleiar i ein månad. Han ønskte nye utfordringar som gjerne innebar utejobbing.

– Dette er utvilsamt eitt av dei meste spennande prosjekta som er sett i gong i Nordfjord, og truleg i Norge på lang tid. Eg ville ut av kontorstolen og er mekanisk utdanna. Kombinasjonen av det ekstreme, høgda, moglegheita for å vere ute samt det mekaniske, freista meg.

Opningsdatoen for Hoven Loen er sett til 20. mai.

Artikkeltags