BT har vore i kontakt med politioverbetjent Lasse Trosdahl i Stryn. Han stadfestar til avisa at bilføraren omkom i ulykka. Den omkomne er ein mann i 70-åra, og pårørande er varsla.

Vegmeldingsenralen melder at vegen vart opna for trafikk klokka 16.10.

Stor utrykking

Klokka 13.02 fekk Vest politidistrikt melding om ei alvorleg trafikkulukke ved Holmevik camping på rv. 15 i Stryn.

– Det er ein bil med ein mann som har køyrt utfor vegbana. Ein person sat fastklemd etter ulukka, men får no behandling av helse, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt litt før klokka 13.30.

Brannvesenet og ambulansepersonell er på staden. Ambulansehelikopter er på veg, opplyser Helse Førde.

Det var forbipasserande som melde frå om ulukka som har skjedd ca. 10 minutt utanfor Stryn.

Vegen var lenge stengd i begge retningar.

Til avisa Fjordingen seier politioverbetjent Lasse Trosdahl at bilen har kome frå aust og køyrt av vegen på motsett side.

Bilen har fått store materielle skadar.

Vegvesenet si ulukkesgruppe er venta til staden innan kort tid. Bilar blir dirigert til å snu og køyre tilbake.

Klokka 14.55 melder Vegtrafikksentralen at eitt køyrefelt er opna.