Bil med åtte personar har køyrt i grøfta

Rv. 15 er opna att etter stenging.

DEL

Vegtrafikksentralen Vest melde tysdag klokka 16.40 at Hjelletunnelen på rv. 15 i Stryn er stengt grunna eit trafikkuhell.

Politiet opplyser til Firda at ulukka skal ha skjedd ein stad mellom Ospeli og Grasdalstunnelen på Strynefjellet.

Vegen opna att

Ifølge operasjonsleiar i Vest politidistrikt er naudetatane framme på staden, og passasjerane er varetatt av helsevesen.

– Det er framleis ein av passasjerane som klagar over smerte i nakken. Det er mogleg at to eller tre av dei andre treng ambulanse, elles har dei andre i bilen klart seg fint, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatiana Knappen.

Knappen opplyser om at det skal vere snakk om ein tyskregistrert bil. Bilbergar er varsla og er på veg mot ulukkestaden.

Vegen er opna igjen for fri ferdsel.

Åtte turistar

– Det er åtte turistar som har køyrt utfor vegen. Bilen har velta og ligg på sida, seier Knappen.

Knappen opplyser at det er språkutfordringar mellom meldar og politi, og at det derfor er vanskeleg å seie kva som har skjedd og nøyaktig kvar det har skjedd.

– Det vi veit er at ulukka ikkje har skjedd inne i sjølve tunnelen, seier ho.

Artikkeltags