Politimelde fem sjåførar og skreiv ut gebyr til 27 førarar

Nær 150 bilar blei kontrollerte under Motorfestivalen i Stryn – resultatet var nedslåande.

DEL

I samband med Motorfestivalen i Stryn kontrollerte politiet og Statens vegvesen 142 bilar i kategorien lette køyretøy

– Her var det rikeleg å ta tak i, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Av dei 142 som blei henta ut til nærmare kontroll fredag og laurdag, fekk 106 av dei ein form for reaksjon.

Det vart skrive ut 60 mangellappar for tekniske manglar. Tolv sjåførar fekk bruksforbod på køyretøyet sitt.

To køyretøy vart avskilta og det vart skrive ut 27 gebyr. I tillegg blei fem sjåførar meldt til politiet, heiter det i pressemeldinga.

Full mann hoppa inn i baksetet på bil- korkje eigaren eller politiet greidde å vekke han

Øydela campingvogner, krangla og slo 

Kvinne gjekk amok på hyttefest 

Artikkeltags