Mann tatt for fyllekøyring – på stolen motorsykkel

DEL

Vest politidistrikt melder at dei natt til søndag stoppa ein ung mann i Stryn, som fekk litt av kvart å svare for.

Mannen køyrde motorsykkel utan gyldig sertifikat, og då han bles i alkometeret vart resultatet over lovleg grense.

– Det er tatt blodprøve av føraren, og han er då mistenkt for promillekøyring. Han har også erkjent at motorsykkelen var stolen, og vil bli meldt til politiet for dette også.

Ut over dette har det vore ei roleg vakt for politiet i Sogn og Fjordane, ifølge operasjonsleiar Arve Samsonsen.



Artikkeltags