Mann køyrde i tunnelveggen- frakta til sjukehus

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein mann blei frakta til sjukehus etter at han køyrde i fjellveggen på rv. 15 i Oppljostunnelen i Stryn søndag kveld. 

Politiet fekk meldinga om ulykka 20. 50 og naudetatar rykka ut frå både vest- og austsida til ulykkesstaden. Sjåføren var åleine i bilen og blei frakta til sjukehus.

Skadeomfanget er usikkert, men politiet meldte først på Twitter at sjåføren var oppegåande. 

Tunnelen blei stengt under berginga og ein entreprenør blei kalla ut for å reparere ein kabel som datt ned frå taket i tunnelen. 

Klokka 22.20 søndag kveld var vegen opna att.

Hendinga vert handsama vidare av Innlandet politidistrikt.

Artikkeltags