Utanlandsk statsborgar døydde i Stryn

Ein mann i 20-åra med utanlandsk statsborgarskap døydde etter ei basehoppulykke i Stryn.

DEL

– Personen som omkom er utanlandsk statsborgar, seier tenestestadsleiar i Vest politidistrikt Vidar Stavik i ei pressemelding.

Den avdøde hoppa frå Marsåhyrna ved Flo i Stryn saman med ein til. Medan ein tredje person i gruppa stod og venta på landingsplassen.

Hoppa saman

– Begge to hoppa samtidig med vingedrakt ned frå fjellet. Den eine hopparen landa som normalt på fylkesvegen. Den andre løyste ut fallskjermen som normalt, men fekk problem når han skulle gå inn for landing på vegen. Han landa i vatnet, som ligg like ved vegen, seier Stavik.

Dei to som var med i gruppa fekk i løpet av få minutt henta vedkommande opp frå vatnet. Dei fekk hjelp frå forbipasserande som også var vitne til ulykka.

– Det vart umiddelbart utført hjarte- og lungeredning. Etter om lag 15 minutt var lokale mannskap frå ambulanse, brannvesen og politi på staden, seier Stavik.

Avhøyrer vitne

Ein time etter varslinga var personen i helikopteret, men han var erklært død kort tid etter.

– Vi held framleis på med å varsle dei pårørande, seier politiet.

Vidare fortel Stavik at politiet har danna seg eit godt bilde av hendinga.

– Det har blitt oppretta undersøking-sak som vil bli etterforska vidare, for å søke og klarlegge årsaka til hendinga. Utstyret som vart nytta vil bli undersøkt, og vi skal avhøyre personar som var vitne til ulykka.

Dei involverte i ulykka vert følgt opp Stryn kommune sitt kriseteam.

Dødsulykka i Stryn: – Forferdeleg trist 

Artikkeltags