To mista lappen i 50-sona

DEL

Utrykkingspolitiet har fredag ettermiddag hatt laserkontroll i 50-sona i Stryn.

To førarar fekk forenkla førelegg, medan to andre må klare seg utan førarkortet ei stund då dei var altfor harde på gassen. Dei kan også vente seg ei politimelding, melder Vest politidistrikt.

Høgste fart vart målt til 80 km/t.

Up har også vore på Sandane og Byrkjelo og hatt promillekontroll. Av 52 kontrollerte blåste ingen blåste raudt, men ein førar fekk forenkla førelegg for mobilbruk.

Artikkeltags