Skulebuss sklei av vegen på glatta - to skuleborn kom uskadde frå hendinga

GLATT: Det skal vere glatt og isete på rv. 15 på Markane.

GLATT: Det skal vere glatt og isete på rv. 15 på Markane. Foto:

DEL

Ein skulebuss sklei av vegen ved Markane på rv. 15 i Stryn torsdag morgon. Ulykka skjedde på ein sideveg, som skal vere smal og glatt, melder politiet.

Det var to ungar i bussen, ingen av dei skal vere skadde. Borna blir henta, melder politiet, som rykte ut til staden.

– Bussen har rett og slett sklidd ut i grøfta, og det var ikkje noko dramatikk slik sett, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Bussen må ha hjelp av bilbergar for å kome seg laus. No står den litt uti vegen, men det skal vere passering. Politiet er på staden og tek seg av trafikken fram til bussen blir frakta vekk.

Artikkeltags