Mann i 40-åra stansa med promille i Stryn

Artikkelen er over 1 år gammel

STRYN: Kor høg promille mannen hadde er ukjent.

DEL

– Ein mann i 40-åra vart i føremiddag stansa og mistenkt for køyring i alkoholrus på fylkesveg 60 mellom Loen og Stryn, fortel Arve Samsonsen som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Ifølgje Samsonsen hadde politiet ein promillekontroll i Stryn og omland då bilisten vart stansa.

– Mannen blåste i alkometeret, og på grunnlag av det resultatet vart mannen teken med til lege for taking av blodprøve. Vi har ikkje fått svar på blodprøva, og veit difor ikkje kor høg promille mannen hadde.

Artikkeltags