Eitt vogntog fekk sleng og stod på tvers på Strynefjellet

AKKURAT NO: Slik ser det ut ved Grasdal på rv.15 på Strynefjellet.

AKKURAT NO: Slik ser det ut ved Grasdal på rv.15 på Strynefjellet. Foto:

STRYN: Ingen skal ha kome til skade i uhellet, men politiet melde om kaostilstandar fram til vegen vart rydda.

DEL

Litt før klokka 10.00 kom meldinga om at to vogntog hadde kollidert på rv. 15 på Strynefjellet. Kort tid etter klokka 13 vart vegen opna att for trafikk.

Ingen skal ha kome til skade i hendinga, melde Vest politidistrikt.

– Ulukka har skjedd mellom Ospelia og Graslitunnelen. Førarane står på staden og snakkar med kvarandre. Grunna kollisjonen er det litt trafikale problem, opplyste operasjonsleiar Arve Samsonsen klokka 10.00.

– Kaos

Autovernet vart også skadd som følgje av ulukka. Då politipatruljen kom fram viste det seg at hendinga var meir omfattande enn dei trudde.

– Akkurat no er det kaos. Vegen er stengd fordi eitt vogntog har fått sleng, hamna delvis utanfor vegen og står no på kryss. Dette vogntoget var på veg mot vest. Så har det kome eitt vogntog til som står bak der igjen, og eit anna vogntog som har kome frå aust og køyrt i autovernet og inn i bakenden på vogntoget som står på kryss, sa operasjonsleiaren klokka 11.00.

To førarkort kverrsett

Politiet kverrsette førarkortet til to av førarane grunna at dei ikkje hadde skodd seg for føret. Fleire vogntog sleit på glatta etter ulykka. Det tok også litt tid før tungbilbergar kom på plass grunna vanskelege forhold.

Klokka 13.12 vart vegen opna att for normal trafikk.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags