BT: Låg sol kan vere årsak til dødsulukke

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Ei kvinne i 50-åra omkom tysdag, då ho køyrde utfor vegen på motorsykkel i Stryn. Politiet trur låg kveldssol kan ha vore ein medverkande årsak.

DEL

Det skriv Bergens Tidende.

– Motorsykkelen har køyrt rett fram i svingen og ut av vegen på motsett side. Låg sol kan ha vore ein medverkande årsak, men vi undersøker fleire ting. Dette er ein uoversiktleg og krevjande sving å køyre, seier politioverbetjent Lasse Trosdahl ved Stryn og Hornindal lensmannskontor til avisa.

Ulukka skjedde ved Blekesvingen på rv. 15.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane var kvinna frå Harstad. Ho var på ferie i Stryn då ulukka skjedde ved 18.30-tida.

Det skal ikkje vere mistanke om høg fart eller tekniske feil på sykkelen, skriv BT.

Artikkeltags