Fylkesveg 60 blir stengt to netter denne veka

Artikkelen er over 1 år gammel

STRYN: Vedlikehaldsarbeid fører til stenging av vegen natt til tysdag og natt til onsdag.

DEL

Det skal skiftast ut stikkrenner aust for Utvik, for å sikre betre drenering. På grunn av dette vil fylkesveg 60 bli stengt natt til tysdag 6. november og natt til onsdag 7. november. Det vil bli stengt mellom klokka 22.15 og 06.00 begge nettene.

Ingen bilar slepp forbi under stengingane. Det blir likevel opna for at det kan fullast i for å få fram utrykkingskøyretøy på kort varsel, dersom det blir behov for det.

Omkøyring blir via E39 om Nordfjordeid og riksveg 15 om Markane og Stryn.

Statens vegvesen oppmodar folk om å planlegge køyring utanom stengingane.

Artikkeltags