Full mann hoppa inn i baksetet på bil- korkje eigaren eller politiet greidde å vekke han

DEL

Ein svært rusa mann hoppa natt til søndag inn i baksetet til ein privatbil i Tonningsgata i Stryn og la seg til å sove.

Sjåføren greidde ikkje å vekke den ubedne overnattingsgjesten og måtte ringe politiet.

Dei reiste ut, men heller ikkje dei fekk kontakt med han. Enden på visa var at ambulanse blei tilkalla.

Mannen blei frakta til legevakta på Nordfjordeid for sjekk, melder Vest politidistrikt.

Men han var ikkje den einaste som gjekk på ein smell i helga i Stryn, der Motorfestivalen blei arrangert.

Politiet hadde fleire andre meldingar på blokka si:

Kvinne gjekk amok på hyttefest

Artikkeltags