Innfører mellombels forbod mot all luftsport etter dødsulykka

OMKOM: Ei 20 år gammal kvinne frå Austlandet omkom 28. april i ei luftsportulykke i Loen.

OMKOM: Ei 20 år gammal kvinne frå Austlandet omkom 28. april i ei luftsportulykke i Loen. Foto:

Dødsulykka i Loen 28. april gjer at politiet no innfører forbod mot all luftsport ved Loen Skylift.

DEL

28. april omkom ei 20 år gammal kvinne i ei speedglider-ulykke etter å ha hoppa frå Hoven i Loen.

Etter at kvinna vart stadfesta omkomen søndag kveld, vart det av politiet oppretta sak på forholdet. Saka vart då vidare etterforska av politiet i Nordfjord, medan kvinna vart send til obduksjon.

Les også: Kvinne omkom i luftsportsulykke i Loen 

Innfører forbod

Fredag gjorde politiet det klart at dei innfører eit førebels forbod mot alle typar luftsport ved Loen Skylift i Stryn kommune inntil 27.5.19.

Bakgrunnen er dødsulykka i slutten av april, og politiet har teke avgjersla med heimel i politilova § 7, 1. ledd, pkt. 2, jf. 2.

Det kjem fram i ein pressemelding frå lensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum og tenestestadleiar i Stryn, Vidar Stavik.

Framleis utan svar kring ulykka

Politiet står framleis utan svar på kva som gjekk gale under ulykka i Loen.

Dei tekniske undersøkingane av skjermen har ikkje blitt gjort enno.

– Vi skal hente inn fagkyndige i luftsportsmiljøet for å ta ein gjennomgang av skjermen og det tekniske rundt det, seier Tormod Hvattum, som er regionlensmann i Nordfjord.

Denne gjennomgangen blir først i neste veke. Då blir fagkyndige frå Austlandet henta inn.

Politiet har også teke ei rekkje avhøyr av vitna som stod og såg på då kvinna sprang ut.

– Har de ein teori om kva som kan ha gått gale?

– Nei, det har vi ikkje enno.

Artikkeltags