Via Ferrata i Loen blir utvida med to nye klatrestiar

UTVIDAR: Via Ferrata i Loen får to nye klatrestiar og to zipliner i sommar.

UTVIDAR: Via Ferrata i Loen får to nye klatrestiar og to zipliner i sommar. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

TURISME: I tillegg kjem det to zipliner. Loen Active håpar å ha dei nye tilboda på plass innan 1. juli.

DEL

Via Ferrata Loen opna i 2011 og i sommar blir tilbodet utvida med to nye klatrestiar. Den lengste skal starte på 540 meter over havet, i enden av ein sti som tek av 70 meter nedanfor innsteget på eksisterande Via Ferrata.

Stien ligg tett ved pendelbana til Hoven og skal vere ein sti for dei tøffaste og trente, og ikkje for nybyrjarar, skriv Hoven Loen på heimesida si. Det vil også bli bygd ein klatresti opp ein 90 meter høg fjellvegg.

Det vil også bli bygd ut to zipliner øvst i Gjølmunna, altså juvet der hengebruene i dag går over, som vil vere om lag 120 meter lange. Ziplinene skal byggast slik at alle kan bruke dei.

Arbeidet er venta å starte opp i slutten av mai, og blir bygd av det austerrikske selskapet HZI. Loen Active melder at dei håpar at dei nye tilboda er klare til 1. juli.

Artikkeltags