Loen Skylift kåra til årets gründer i Sogn og Fjordane

TIL TOPPS: Loen Skylift er kåra til årets gründer i Sogn og Fjordane 2017.

TIL TOPPS: Loen Skylift er kåra til årets gründer i Sogn og Fjordane 2017. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NÆRINGSLIV: – Det er svært gledeleg å få denne prisen, seier Eivind Grov, tidlegare hotelldirektør på Alexandra.

DEL

Prisen vart delt ut under Temposeminaret i Flora fredag.

– Ideen om Loen Skylift blei forsterka då Via Ferrata opna i 2011, og det å få denne tittlen, viser at arbeidet blir sett pris på, seier Eivind Grov i ei pressemelding.

Familiebedrift som ser moglegheiter

Loen Skylift konkurrerte om tittelen saman med Sogn Aqua, Hydrowave, Sødermann Rådgivning og Seaweed.

– Dette er ei flott familiebedrift som har drive hotelldrift i generasjonar. Dei ser moglegheiter der andre ser avgrensingar, og klarer å gi turistane det dei vil ha, nemleg opplevingar, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Han sat i juryen saman med Reidun Aasen Nesheim, rådgjevar i Innovasjon Norge og Kjetil Kvåle, dagleg leiar i Kunnskapsparken. I tillegg har publikum hatt moglegheit til å stemme fram sin favoritt, og resultatet frå den blitt lagt vekk på i juryen si vurdering.

Får 100.000 kroner

I grunngjevinga trekk juryen fram at Loen Skylift har høge ambisjonar, og at prosjektet har rydda vekk ein kvar tvil om at det går an å tenke store og luftige tankar i Sogn og Fjordane. Dei rosar at ei tradisjonsrik næring har tatt spranget ut i det ukjende.

Tittelen som årets gründer gir bedrifta 100.000 kroner, men dei andre finalistane fekk også med seg ein sjekk på 25.000 kroner kvar.

– Det kom inn nærare 30 forslag på nominerte, så å vere blant topp fem er ein prestasjon i seg sjølv, og derfor ønskjer vi å rose alle finalistane på denne måten, seier Trond Teigene.

Artikkeltags