Øydela campingvogner, krangla og slo

Full fres under Motorfestivalen i Stryn i helga.

DEL

Det gjekk ikkje akkurat stille og fredeleg for seg i Stryn under Motorfestivalen natt til søndag, noko også politiloggen til Vest politidistrikt ber preg av.

Klokka 23.45 tikka den første meldinga inn. Ein mann lagde bråk og var kranglete i sentrum, noko som førte til at politiet kom og viste han vekk.

Den neste meldinga kom frå Stryn camping i tretida i natt. Meldar fortalde om skadeverk på ei campingvogn. Her var både ei dør og eit vindauge sparka inn. Politiet opprettar sak på hendinga.

Ikkje lenge etter, klokka 03.15, kom ei ny melding frå campingplassen, men denne gongen om ein slåstkamp. Politiet var på staden etter kort tid, men då var det stille og roleg og ikkje teikn til slåstkjempene.

Men det var også fleire hendingar i Stryn i helga:

Full mann hoppa inn i baksetet på bil- korkje eigaren eller politiet greidde å vekke han

Kvinne gjekk amok på hyttefest

Artikkeltags