Mann i 20-åra teken i 149 km/t på motorsykkel

Artikkelen er over 2 år gammel

STRYN: Vart meldt av politiet og mista lappen tvert.

DEL

UP hadde søndag i 13-tida ein kontroll på rv. 15 ved Markane i Stryn.

Her vart det målt fleire høge hastigheiter, og av dei totalt sju som fekk forenkla førelegg for fart, vart ein målt til 109 km/t i 80-sona.

Ein som neppe blir å sjå på vegen att med det første, var ein motorsyklist i 20-åra som vart teken av UP i same kontroll.

Han vart målt til 149 km/t, og UP politimelde mannen og tok frå han lappen.

Artikkeltags