Kvinne i 50-åra omkom i motorsykkelulykke

Artikkelen er over 1 år gammel

STRYN: Ein motorsykkel køyrde av vegen i Blekesvingen i Stryn tysdag kveld. Seinare vart det meldt at føren omkom av skadene.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melde klokka 18.52 om ei trafikkulykke klokka 18.36 i Stryn.

Ein motorsykkel har køyrt av vegen ved Blekesvingen på rv. 15. Det vart tidleg klart at motorsyklisten var skadd, men klokka 19.16 melder politiet at ambulansemannskap på staden omtalar føraren som hardt skadd.

Omkom av skadene

Alle naudetatane vart sendt til staden, saman med luftambulanse. Det vart utført livreddande førstehjelp på staden, men klokka 20.16 melder politiet at motorsyklisten omkom av skadene. Personen vart erklært død om lag klokka 19.20.

Den omkomne er ei kvinne i 50-åra. Ho er ikkje heimehøyrande i Stryn kommune, og pårørande er varsla.

Vegen opna etter stenging

Ulykka skjedde i der fv. 613 og Rv. 15 møtest. Vegen vart stengt i begge retningar etter ulykka, og politiet vart att på staden for å gjere undersøkingar på ulykkesstaden. Klokka 12.14 vart det meldt at vegen var opna att etter ulykka.

Kriseteamet i Stryn kommune er varsla, og Statens vegvesen si ulykkesgruppe er også varsla og rykker ut til staden.

Saka vil også bli etterforska av Nordfjord lensmannsdistrikt.

Artikkeltags