Moods opnar ny butikk. Har gitt vekk rosa traktorar til barnehagar

VEKST OG FALL: Peder Børresen (f.v.), Simen Staalnacke og Jan Egil Flo i Moods of Norway. No er dei i gang igjen, med ny butikk i Oslo sentrum.

VEKST OG FALL: Peder Børresen (f.v.), Simen Staalnacke og Jan Egil Flo i Moods of Norway. No er dei i gang igjen, med ny butikk i Oslo sentrum. Foto:

Fredag gjer Moods of Norway comeback i Oslo. Dei rosa traktorane er bytte ut med gatekunst.

DEL

Gründerane bak suksessbedrifta med utspring i Stryn, gjekk dundrande konkurs i 2017, med ei gjeld på 112 millionar kroner.

Starta nytt selskap i Stryn

Fredag opnar Moods-gründerane ny butikk i Grensen i Oslo sentrum, skriv Dagens Næringsliv.

Det er selskapet Retail Drift AS, med forretningsadresse i Stryn og Jan Egil Flo som styreleiar, som står bak.

Retail Drift AS vart registrert i Brønnøysundregistera to dagar før Moods of Norway AS gjekk til tingretten og kravde selskapet konkurs.

Den nye butikken skal framleis selje klede under varemerket «Moods».

– Vi følte at vi ikkje ville legge varemerket dødt, seier dagleg leiar Gunn Heidi Lilleengen til DN.

Har gitt vekk traktorane

No heng det moderne graffiti på veggane i den nye butikken. Dei rosa traktorane er gitt vekk, mellom anna til barnehagar som ønsker å ha dei ute.

Samstundes med butikkopninga fredag, lanserer selskapet nettbutikk. Målet for 2019 er ein omsetnad på 80 millionar kroner med eit nullresultat, fortel Lilleengen til Dagens Næringsliv.



Artikkeltags