Innbrot på Europris i Stryn: – Eit sjokk å starte dagen slik

Europris i Stryn skulle ha vareteljing denne fredagen. No må dei også sjekke om noko er stole, etter at butikken vart utsett for innbrot natt til fredag.

DEL

Fredag morgon melder Vest politidistrikt at det har vore eit innbrot hos Europris i Stryn i løpet av natta. Meldinga om innbrotet kom klokka 08.45.

Politiet er på staden og undersøker, og det ser ikkje ut som det er bortteke noko.

Knuste hovudinngangsdøra

Butikksjef Maria Susann Sollid fortel til Firda at ein har komme seg inn i butikken via hovudinngangen. Ho fortel at glasdøra er knust, og at dei no har nokon på staden for å få reparert den til butikken opnar.

Sollid fortel at det var huseigar som oppdaga innbrotet. Deretter vart ho varsla om kva som hadde skjedd.

– Det blir eit sjokk å starte dagen slik, og det er ganske uverkeleg, seier Sollid.

Ho fortel at ved første augekast så ser det ut som tjuven eller tjuvane ikkje har fått med seg noko. Men ho understreakar at dei enno ikkje har fått gått over heile butikken.

Annleis vareteljing

Ironisk nok er dette ein dag der butikken skulle ha vareteljing. Dermed blir det ei litt annleis leiting etter svinn enn vanleg.

– Dette var ein brakstart på det som blir ein lang dag, seier butikksjefen, som trass i innbrotet er ved godt mot.

Vanleg drift ved butikken blir nemleg ikkje hindra av innbrotet.

– Det går fint. Vi må berre brette opp armane og gjere jobben. Og eg reknar med at døra er fiksa til vi opnar, seier ho.

Artikkeltags