Vogntogførar frakta med luftambulanse til Førde etter trafikkulykke i Stryn

FASTKLEMT: Føraren av vogntoget sat fastklemt etter ulykka, og vart seinare sendt til sjkehus i Førde med luftambulanse.

FASTKLEMT: Føraren av vogntoget sat fastklemt etter ulykka, og vart seinare sendt til sjkehus i Førde med luftambulanse. Foto:

Politiet har no opna vegen for å sleppe igjennom trafikken på riksveg 15.

DEL

Politiet melder på Twitter at det har vore ei trafikkulykke ved Hornindal i Stryn.

– Det er meldt om ei trafikkulykke. Vogntog mot personbil. Naudetatar er på veg til staden, skriv politiet.

Det var fire personar i personbilen, og ein i vogntoget.

Vogntogsjåføren sat fastklemt etter krasjen.

To av dei fire personane i personbilen vert køyrt til sjukehus i Førde for sjekk. Dei to andre vert køyrde til lokal legevakt.

Klokka 11.45 melder politiet at ein person sit fastklemt etter ulykka. Naudetatane var då framme på staden.

– Føraren av lastebilenvart kl. 12.23 frakta med luftambulanse til sjukehuset i Førde. Det var tidlegare meld at vedkommande var vaken, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Terje Magnussen.

Han seier har vogntoget har køyrt inn i ein fjellvegg.

– Politiet er framleis på ulykkesstaden og det vert gjort undersøkingar av hendingsforløpet.

Artikkeltags