Mann kritisk skadd etter oktoberfesten. Politiet etterlyser vitne i Stryn

KVA SKJEDDE: Politiet i arbeid på staden der mannen vart funnen laurdag morgon.

KVA SKJEDDE: Politiet i arbeid på staden der mannen vart funnen laurdag morgon. Foto:

STRYN: Kva skjedde med mannen som vart funnen hardt skadd nær Stryn sentrum? Politiet etterlyser vitne frå fem seine nattetimar laurdag.

DEL

– Vi er svært interesserte i å komme i kontakt med vitne som kan ha opplysningar frå tidsrommet 02.30 til klokka 08 laurdag 22. september, seier politibetjent Tor Egedal ved Stryn og Hornindal lensmannskontor.

Var tilreisande

Egedal opplyser at det var fleire tusen menneske i Stryn sentrum natt til laurdag, i samband med at stryningane og mange tilreisande feira at oktober nærmar seg. Ein mann i slutten av 30-åra vart funnen blodig og medvitslaus på ein gangveg klokka 08.00 laurdag morgon. Hovudteorien til politiet er at mannen har falle ned frå ein mur som går langs gangvegen, slik bildet viser.

– Mannen var tilreisande og gjest på oktoberfesten, seier Egedal.

Han seier at det er rimeleg å tru at han har falle ned skrenten og utfor muren, men at politiet ikkje kan vere sikre på dette. Difor arbeider dei ut frå fleire teoriar, ein av dei at mannen kan vere utsett for vald.

– Vi må gå breitt ut og kan ikkje låse oss fast til noko, seier politimannen.

Mannen (38) ligg på Haukeland sjukehus og laurdag melde Helse Bergen at han var kritisk skadd. Måndag klokka 13.55 melder sjukehuset at tilstanden er alvorleg.

Ringerunde i nabolaget

– Vi har hatt ein ringerunde til folk i nabolaget, men vi veit ikkje kva som har skjedd og ønskjer å komme i kontakt med fleire vitne, understrekar Egedal.

Den forulykka vart sett i sentrum seint natt til laurdag. Kring 2000 personar var samla til fest i det store teltet rett bak Ishaug kafeteria. I tillegg var det mange personar i sentrum som ikkje hadde løyst billett.

– Serveringa var slutt klokka 02, og klokka 02.30 skulle alle vere ute av teltet. Vi er svært interesserte i å komme i kontakt med personar som kan vite noko frå tida fram til mannen vart funnen kring klokka 08, seier Egedal.

Den skadde vart funnen i nærleiken av eit bustadfelt ovanfor Stryn sentrum. Det er om lag ein halv kilometer frå festteltet til staden den mannen låg.

Artikkeltags