Olden har Norges minste og kaldaste badestrand

Posering ved skiltet som fortel at ein er på Norges minste og kaldaste strand.

Posering ved skiltet som fortel at ein er på Norges minste og kaldaste strand. Foto:

I Olden i Stryn kommune finn ein truleg Norges kaldaste og minste badeplass. Kjøpmann reklamerer for den låge badetemperaturen.

DEL

Stranda har blitt eit populært fotomotiv etter at kjøpmann André Opheim har sett opp eit skilt som reklamerer for den låge badetemperaturen.

Det var avisa Fjordingen som først omtalte den 2,5 meter breie stranda med skjelsand som ligg midt i sentrum, ved utløpet av Oldenelva.

Vatn frå Briksdalsbreen

– Gjennomsnittstemperaturen ligg på 5–8 grader, noko som skuldast at det renn brevatn frå Briksdalsbreen til stranda, fortel Opheim.

Etter at stranda skilta med svært låge temperaturar, har den fått stor merksemd frå turistar som kjem med cruiseskip til Olden.

Badestranda har blitt populær blant turistar etter at skiltet vart sett opp.

Badestranda har blitt populær blant turistar etter at skiltet vart sett opp. Foto:

Turistar tek bilde ved skiltet

– Mange av dei som kjem med båtane er eldre, så dei tørr ikkje å bade, men dei synest likevel at det er stas å få eit bilde av seg sjølv med skiltet, fortel kjøpmannen.

Opheim fortel at han trur at skiltet har ført til fleire kundar i butikken som ligg ved stranda. Han legg vekt på at dette ikkje var motivasjonen med skiltet, men at det vart sett opp for å skape litt liv og røre i bygda.

Artikkeltags