Bussulykka i Stryn: Sjåføren tek på seg skulda

BUSSEN: Ein turistbuss med 20 kinesiske passasjerar køyrde først inn i ein hjullastar, og hamna deretter utfor vegen, og inn i ein hage.

BUSSEN: Ein turistbuss med 20 kinesiske passasjerar køyrde først inn i ein hjullastar, og hamna deretter utfor vegen, og inn i ein hage. Foto:

Sjåføren av ein turistbuss som kolliderte med ein hjullastar i Oppstryn erkjenner straffeskuld.

DEL

Ulykka skjedde ved Berstad i Stryn måndag ettermiddag, og totalt 12 personar blei sende til sjukehus.

Sjåføren av bussen har erkjent straffeskuld og er fråteken førarkortet. Avhøyr av sjåføren og eit vitne vart gjennomført med tolk, skriv Fjordingen.

Bussførar framleis i Stryn

– Bussjåføren har framleis ikkje reist frå Stryn og juristane skal ta stilling til kva som skal skje vidare i saka. Han har gitt si forklaring på kva som skjedde. Vi vil førebels ikkje seie noko om kva han har forklart i avhøyr, seier politioverbetjent Jan Tore Sunde til Nrk.

Artikkeltags