Falsk brannalarm. No er tunnelen opna igjen

Brannalarm i Agjeldstunnelen mellom Innvik og Loen var falsk alarm.

DEL

Vegtrafikksentralen melde på Twitter klokka 06.40 tysdag morgon:

«Fv. 60 Agjeldstunnelen mellom Byrkjelo og Stryn er midlertidig stengt. Det har gått ein brannalarm i tunnelen. Brannvesenet er på veg.»

På Alarmsentralen i Florø får Firda opplyst klokka 06.50 at dei har ein person på veg for å sjekke. Det er ikkje meldt om røyk i tunnelen.

Opna igjen klokka 07

Kring klokka 07 har brannvesenet vore på staden og ikkje funne noko gale, og tunnelen er no opna igjen, opplyser trafikkoperatør Tina Fjeldavli på Vegtrafikksentralen vest. 

Agjeldstunnelen er 900 meter lang og vart opna sommaren 2014.

Tunnelen er ein av dei nyare tunnelane på fylkesvegen mellom Innvik og Olden. Den mykje omtalte strekninga, i mange år karakterisert som «Norges verste veg», var ferdig rusta opp i fjor etter mange års kamp.

Artikkeltags