Bustadbrann i Stryn – er no under kontroll

Naudetatane vart sendt til ein brann i ein bustad i Oppstryn.

DEL

Det vart meldt av operasjonssentralen i Vest politidistrikt klokka 18.09.

– Slik vi har forstått det, så var det heftig røykutvikling etter kvart, og det brann i takkonstruksjonen, men det har roa seg bra ned. Brannmannskapet har sløkt ein del og har no delvis kontroll på brannen, sa vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø, Nina Andal til Firda kort tid etter at brannen vart meldt.

Då hadde brannmannskap frå Stryn og Olden rive takkonstruksjonar i huset for å få sløkt brannen, som hadde utarta seg i toppetasjen på huset.

Det vart tidleg meldt at det ikkje var personar i huset då det byrja å brenne. Andal stadfestar dette, og fortel at huseigar er den einaste som bur i huset, og at vedkommande sjølv varsla om brannen.

Brannen vart meldt sløkt klokka 19.16, fortel vaktleiar Frode Eide.

– Dei fleste av mannskapet er returnert. Tre mann og ein brannbil blir att, seier han.

Eide torer ikkje fastslå skadane, men fortel at det truleg er ein del røykskadar og brukt ein del vatn for å sløkke brannen. Dei første rapportane frå staden gjekk på at det brann i overetasjen, og at røyken velta ut.

– Det har nok vore bra heitt der, seier Eide.

Artikkeltags