Kvinne i 20- åra gjekk amok og ramponerte hytte

Hyttefesten enda med at kvinna i 20- åra fekk beskjed om å aldri kome tilbake.

DEL

Truleg starta det med god stemning, men innan festen var slutt enda det med at politiet måtte ta turen innom hyttedørene i Stryn.

Det var natt til søndag 04.35 at politiet fekk melding om trøbbel i ei hytte.

– Innringaren sa det var ei kvinne som ikkje ville gå frå hytta, seier operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt til Firda søndag morgon.

Politiet reiste difor ut til staden.

– Då viste det seg at kvinna hadde ramponert hytta. I tillegg hadde ho slege til ein person og klort ein annan. Ingen av desse hadde behov for legehjelp, seier Algerøy.

Kvinna blei teken med til lensmannskontoret. Etter avhøyr hos politiet blei kvinna dimitterte.

Ho blei meldt for skadeverk. Kvinna fekk også pålegg om å ikkje oppsøke hytta igjen.

Politiet fekk natt til søndag ei rekkje andre meldingar frå Stryn, der Motorfestivalen blei arrangert i helga.

Artikkeltags