Kraftig prisfall på straumbørsen – viser truleg lite på straumrekninga

HØGSPENTMASTER: I Vassbygdi i Aurlandsdalen.

HØGSPENTMASTER: I Vassbygdi i Aurlandsdalen. Foto:

Av

FORBRUKAR: Straumprisen på kraftbørsen har falle frå nesten 60 øre per kilowattime til under 30 øre. Men det kjem truleg ikkje til vise att på straumrekninga.

DEL

Kraftig regnvêr er grunnen til at prisane har falle dei siste dagane. Men det er venta at prisane vil stige igjen snart, og dermed blir spareeffekten noko avgrensa, ifølgje NRK.

– Den prisnedgangen vi har sett er litt mellombels, seier analysesjef Tor Reier Lilleholt i Wattsight til kanalen.

I tillegg gir låge prisar på kraftmarknadane ikkje nødvendigvis store utslag på straumrekninga.

– For forbrukarane er det i tillegg til spotprisen fleire avgifter og nettleige. Korleis straumrekninga ser ut, varierer jo då ikkje fullt så mykje, seier administrerande direktør Oluf Ulset i Energi Noreg, bransjeorganisasjonen til kraftselskapa.

Prisnedgangen er elles venta å ville snu – og til vinteren kan prisane gå til vêrs igjen. Lilleholt i Wattsight trur vi kan få ein sluttpris for kundane på opp mot 1,5 kroner per kilowattime.

– Eg trur framleis at vinteren kan bli høgare prisa enn fjoråret. Samtidig er kol og gass og desse CO2-marknadene såpass høge, at dersom vi blir avhengige av import – som ein ofte kan vere på ein kald vinterdag – så må desse prisane bli ekstremt høge, seier han.

Lilleholt peiker på at det også først og fremst er på vinteren at kundane merker effekten av prisnivået.

– Vi må huske at høge prisar i sommar nesten ikkje har slått ut på straumrekninga. Det er først når vi kjem med høgt forbruk på vinteren at vi kjem på eit høgt prisnivå, seier han til NRK.

Artikkeltags