Søket etter skøyta «Fram», som vart meldt sakna 8. november, har halde på gjennom laurdagen.

Skuta skulle frå Kalvåg til Stord, og vart sist observert den 2. november, då den la frå kai.

Les også: Sakna båt med mann om bord observert i Askvoll

Tre redningsskøyter og ein båt frå Røde Kors  har gjennom laurdag søkt aktivt etter skuta «Fram» og mannen som førte den.

To fly fra Norsk Aero Klubb Bergen vart også sett inn i søket langs kysten.

Den sakna mannen om bord på skuta er no namngitt av politiet, og etterlyst med bilde. Politiet ønskjer tips på 02800 dersom nokon har gjort observasjonar av han eller skuta «Fram».

Sør vest politidistrikt sende laurdag ut denne pressemeldinga:

Tom Fagerland er busett på Stord. 2. november rundt kl. 09.00 reiste han fra Kalvåg i ein 33 fot trefarga skøyte. Han skulle tilbake til Leirvik på Stord. Siste sikre observasjon av skøyta er saame dag rundt kl. 15.00 i Granesundet mellom Prestøy og Atløy.

Det står «Fram» på styrhuset, og motoren er en 4 sylindres diesel på 50 hk.

Fagerland er 58 år, kring 178 cm høy, har blå augo, raudt hår som dekker øyra. Han har fleire tatoveringar på overkroppen, armane og hendene. Han var kledd i sixpence, fleirfarget skjorte, mørk jakke og svart dongeribukse då han forlot Kalvåg.