Statsbudsjettet: Her er det du treng å vite om familie og oppvekst

Årets statsbudsjett vart lagt fram klokka 10.00.

DEL
  • Barnevernet får over 300 millionar i statsbudsjettet, skriv avisa Dagen. 307 millionar kroner skal auke og betre kapasiteten til barnevernsinstitusjonar. Barnevernet er delt i ein kommunal og ein statleg del, og det er den statlege delen som no blir styrka.
  • Barnetrygda aukar med 3600 kroner i året for barn opp til fylte seks år. Endringa skjer frå og med september 2020.
  • Det blir innført makspris for SFO for foreldre med elevar på 1. – 2. trinn. Det kostar 58 millionar kroner i 2020, og 140 millionar i 2021.
  • Fleire elevar barn får gratis SFO frå og med neste skuleår. Då får elevar på 5. – 7. trinn med særskilde behov får gratis SFO frå og med neste skuleår. Prislappen er 21 millionar i 2020, og 50,4 millionar i 2021.
  • Regjeringa vil fjerne støtte til kosmetisk tannregulering. Tannstilling blir kategorisert i tre: Gruppe A har alvorlege tannstillingsfeil mens gruppe C har minst alvorlege tilstandar. Regjeringa føreslår å fjerne den statlege støtta for dei fleste tilstandane i gruppe C. Tilstandane der stønaden blir avvikla gjeld kosmetiske og estetiske forhold, utan betydning for tannhelsa. Støtta til regulering på grunn av trang tannstilling eller for lite plass i kjeven blir vidareført. – Vi ønskjer ikkje å bidra til auka kroppspress og presset om å ha det perfektet smilet, seier helseminister Bent Høie. Omlegginga fører truleg til at tal barn og unge som startar med tannregulering kvart år blir redusert med 30.000 til 20.000.

Saka blir oppdatert.

Artikkeltags