349 millionar kroner til førebygging av flaum- og skredskadar

Av

Fleire av desse kronene skal gå til kartlegging- og sikringstiltak i Sogn og Fjordane, lovar regjeringa.

DEL

Regjeringa føreslår nemleg å løyve 349 millionar kroner til førebygging av flaum- og skredskadar, derav 294 millionar kroner til gjennomføring av kartleggings- og sikringstiltak.

Førebels oversikt viser mellom anna at kartleggings- og sikringstiltak i Sogn og Fjordane vil bli prioritert i 2019, inkludert skredsikring i Vik og flaumsikring i Gloppen, Stryn og Hornindal.

I ei pressemelding frå Statens vegvesen Region vest står det at det ikkje er sett av midlar til nye, større skredsikringstiltak i regionen i 2020. Det er sett av midlar til å halde fram arbeidet med ny tunnel på rv. 5 i Kjøsnesfjorden og ferdigstilling av tunnelen mellom Vik og Vangsnes på rv. 13.

Artikkeltags