I vår blei det vedteke at den tollfrie importkvoten på ost frå EU skal auke. Stortinget bad regjeringa om å kompensere for bøndenes økonomiske tap i statsbudsjettet for 2018. Det har likevel ikkje blitt gjort. Det er å fråskrive seg ansvaret, skriv Norges Bondelag i ei pressemelding.
– Eg er opprørt over at regjeringa ikkje følger Stortingets fleirtal om kompensasjon til norsk mjølkeproduksjon, etter at store marknadsmoglegheiter er gitt bort og fjerna. Å gi kompensasjon er å gi næringa moglegheiter til å utvikle seg. Det er heilt uhaldbart at dette ikkje blir følgt opp, seier Lars Petter Bartnes, leiar for Norges Bondelag i ei pressemelding.
Auka i ostekvoten til EU svarar til produksjonen på rundt 70 gjennomsnittlege mjølkebruk, ifølge Norges Bondelag. I tillegg rammar utfasinga av eksportstøtta til Jarlsberg-ost 8–9 prosent av norsk mjølkeproduksjon. Om ein tek med at kvoten på import av storfekjøtt er tredobla, meiner Bondelaget dette kan gi eit tap på 400 millionar kroner.
– Her grip dessverre ikkje regjeringa moglegheita til å styrke konkurransekrafta til norsk mjølk, og gjennom det sikre arbeidsplassane innanfor den største fastlandsindustrien vår, seier Bartnes.